Jordleigeundersøkinga 2026

Tabellen under viser årets gjennomsnittlege jordleigeprisar på landsbasis for ulike utleigeføremål og endring frå 2025-tala. Tala er basert på innrapporterte gjennomsnittsprisar frå kommunane, som så er vekta med kommunanes leigde jordbruksareal. Dei må lesast med dette atterhaldet.

Her kan du lese meir om jordleigeundersøkinga 2026

 
Kr/daa2026Endring siste år
Grasdyrking2723
Korndyrking4066
Potetdyrking71214
Grønsaker/bær88517
Innmarksbeite71-2
Utmarksbeite140

Se tallgrunnlag for tabellen og tidligere år

Gjennomsnittsprisane på jordleige i Noreg i 2026 har i hovudsak halde seg stabile, men også auka i nokre produksjonar samanlikna med 2025. Prisane på leige av jord til dyrking av gras og korn har auka noko, mens jordleigeprisane for grønsaker og potet har hatt ein større auke. Prisen på å leige jord for innmarksbeite har gått litt ned, mens jordleigeprisen for utmarksbeite er den same som i fjor.

Svarprosenten er i år 90 prosent, som er på same nivå som fjoråret. Datagrunnlaget vurderast derfor som relativt solid i alle regionar. Likevel kan enkeltkommunar ha stor innverknad på resultata. Årlege endringar bør difor tolkast med varsemd, mellom anna fordi tal frå nye kommunar kan påverke gjennomsnittet.

Figuren under viser årlege endringar i gjennomsnittsprisen på landsbasis for dei enkelte utleigeformåla, målt i kroner per dekar. Til liks med fjoråret er endringane i årets undersøking små. Landbruksdirektoratet reknar difor med at prisnivået i undersøkinga no er meir korrekt enn i tidlegare år.

Grafisk fremstilling av tabellen over

I 2022 gjekk dei registrerte prisane på grønsaksjord kraftig ned, mellom anna som følgje av endringar i datagrunnlaget. Også den store nedgangen i pris for potetdyrking i 2021 hadde samanheng med datagrunnlaget.

Figuren under viser gjennomsnittsprisar per utleigeføremål på landsbasis frå 2022 til 2026. Snittprisane på gras- og korndyrking er relativt stabile. Det same gjeld prisar på jord til innmarksbeite. Prisane på potetjord og grønsaksjord har auka.  

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken under

Tallgrunnlag

Indeksutvikling

Tabellen under viser indeksert utvikling i jordleigeprisane frå 2025 til 2026. Indeksen er rekna ut med utgangspunkt i middelverdiane for god jord, og basisåret er 2000 (2000=100). Landbruksdirektoratet sine årlege undersøkingar viser altså at det er potetjord som har stige mest i pris, relativt sett, sidan år 2000.

Indeks 2000 = 10020252026Endring i %
Grasdyrking1261281,5%
Korndyrking1531551,4%
Grønnsak-/bærdyrking157154-1,8%
Potetdyrking1751792,0%
Innmarksbeite9593-1,5%

Se tallgrunnlag for tabellen og tidligere år

Figuren under viser indeksert prisutvikling frå 2014 til 2025.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken over

Gjennomsnittspriser per region for de enkelte produksjonene

Normalt er det større endringar i gjennomsnittsprisane regionvis enn på landsbasis. Særleg for andre produksjonar enn korn og gras kan det være få kommunepriser som inngår i den regionale snittprisen. Regionprisen er difor sårbar for endringar frå år til år.

Grasdyrking
Tabellen under viser prisar på leige av god jord til grasdyrking i kroner per dekar i 2026, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris141320
Høgaste pris 300500
Endring i middelpris frå 2025-14
Vestfold, Telemark og Agder
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris151308
Høgaste pris5001000
Endring i middelpris frå 20251924
Rogaland
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris225488
Høgaste pris500750
Endring i middelpris frå 2025-682
Vestlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris50149
Høgaste pris500600
Endring i middelpris frå 2025-1-10
Trøndelag
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris123232
Høgaste pris300550
Endring i middelpris frå 2025-2-2
Nord-Noreg
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris62104
Høgaste pris500500
Endring i middelpris frå 20251614

Prisen for jord til grasdyrking held seg omtrent stabil i årets undersøking. Gjennomsnittsprisen ligg på same nivå som han har gjort sidan 2017, med unnatak av ein relativt høg pris i 2020 som truleg hadde samanheng med datagrunnlaget det året.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til grasproduksjon frå 2022 til 2026.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

På Vestlandet har gjennomsnittsprisen sokke med 22 kroner per dekar det siste året. Prisene har sokke vesentleg i nokre kommunar i fylket, og elles er dei stabile. Elles er det berre mindre endringar i tala.

Det er stor geografisk variasjon i etterspurnad etter grasareal. I enkelte kommunar kostar det over 700 kroner per daa å leige jord på gode areal, medan slike areal vert leigd ut utan vederlag andre stader. Mange stader er det god nok betaling i seg sjølv at jorda vert heldt i hevd, eller ein betalar med andre tenester som drenering/grøfting, gjerdehald, brøyting, kjøt eller ved.

Korndyrking
Tabellen under viser prisar på leige av god jord til korndyrking i kroner per dekar i 2026, fordelt på geografiske område.

Prisane er oppgitt i kroner per dekar.

Austlandet
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris257433
Høgaste pris750750
Endring i middelpris frå 2025138
Vestfold, Telemark og Agder
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris00
Middelpris266405
Høgaste pris450600
Endring i middelpris frå 2025333
Rogaland
 Dårleg jord God jord 
Lågaste pris300466
Middelpris359632
Høgaste pris500833
Endring i middelpris frå 2025-75-10
Vestlandet
 Dårleg jord God jord
Lågaste pris01
Middelpris62223
Høgaste pris170300
Endring i middelpris frå 20252514
Trøndelag
 Dårleg jord God jord
Lågaste pris00
Middelpris183324
Høgaste pris300500
Endring i middelpris frå 2025-7-33

Gjennomsnittsprisane på god jord til korndyrking har auka i dei fleste regionane, medan prisane for dårleg jord har sokke i alle regionane utanom Vestfold, Telemark og Agder.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til kornproduksjon frå 2022 til 2026.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

I regionen Vestfold, Telemark og Agder er gjennomsnittsprisen ganske stabil. I Rogaland var det ei stor prisauke i 2022, som truleg hadde samanheng med datagrunnlaget. Det stabile prisnivået ein ser i undersøkingane dei siste åra er truleg meir presist, sjølv om datagrunnlaget her berre består av ei handfull kommunar. I regionen Vestlandet er det berre åtte kommunar i Møre og Romsdal som har rapportert leigeprisar på kornjord.

Grønnsak-/ bærdyrking
Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til grønsaks- og bærdyrking i kroner per dekar i 2026, fordelt på geografiske område.
Austlandet
 God jord
Lågaste pris250
Middelpris974
Høgaste pris1600
Endring i middelpris frå 2025-5
Vestfold, Telemark og Agder
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris935
Høgaste pris1500
Endring i middelpris frå 2025136
Rogaland
 God jord
Lågaste pris320
Middelpris1071
Høgaste pris1500
Endring i middelpris frå 202578
Vestlandet
 God jord
Lågaste pris400
Middelpris615
Høgaste pris1200
Endring i middelpris frå 2025100
Trøndelag
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris757
Høgaste pris1750
Endring i middelpris frå 2025-125
Nord-Noreg
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris145
Høgaste pris500
Endring i middelpris frå 202595

På landsbasis har gjennomsnittsprisen for jord til grønsak- og bærdyrking falle svakt i fleire år etter eit toppunkt i 2019. I 2025 gjekk prisen opp 2,6 prosent frå fjoråret.  

På regionalt nivå er det enkelte vesentlege endringar. Generelt er variasjonen frå år til år i dei regionale snittprisane på grønsaksjord større enn på gras og korn, fordi det er færre kommunar som rapporterer prisar. Resultata for Austlandet varierer kraftig, og snittprisen har gått opp. I Trøndelag og Nord-Noreg er derimot gjennomsnittsprisen lågare i år enn i fjor.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til grønsak- og bærproduksjon frå 2022 til 2026.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall

Potetdyrking
Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til potetdyrking i kroner per dekar i 2026, fordelt på geografiske område.
Austlandet
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris743
Høgaste pris1000
Endring i middelpris frå 202517
Vestfold. Telemark og Agder
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris873
Høgaste pris1500
Endring i middelpris frå 202574
Rogaland
 God jord
Lågaste pris320
Middelpris701
Høgaste pris1057
Endring i middelpris frå 2025-145
Vestlandet
 God jord
Lågaste pris400
Middelpris400
Høgaste pris400
Endring i middelpris frå 20250
Trøndelag
 God jord
Lågaste pris225
Middelpris661
Høgaste pris1200
Endring i middelpris frå 202531
Nord-Noreg
 God jord
Lågaste pris0
Middelpris168
Høgaste pris500
Endring i middelpris frå 202588

Gjennomsnittsprisen nasjonalt har auka med 36 kroner per dekar, men det er variasjonar mellom regionane. Variasjonar i utvalet frå 2024 til 2025 kan ha påverka prisauken.

Gjennomsnittsprisen har auka i fire av seks regionar. Auka er størst i Rogaland, der prisen er 173 kroner per dekar høgare i 2025 enn i 2024. Prisen er lågare enn i 2024 på Vestlandet og i Nord-Noreg, men dette skuldast i stor grad endringar i utvalet.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til potetproduksjon frå 2022 til 2026.

Grafisk fremstilling av tabellen fra lanken under

Tallgrunnlag og historiske tall

Beite

Tabellen under viser gjennomsnittsprisar på leige av jord til innmarksbeite og utmarksbeite i kroner per dekar i 2026, fordelt på geografiske område.

Austlandet
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris7611
Høgaste pris25040
Endring i middelpris frå 2025011
Vestfold, Telemark og Agder
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris632
Høgaste pris50015
Endring i middelpris frå 2025-26-37
Rogaland
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris16434
Høgaste pris30075
Endring i middelpris frå 2025-16-13
Vestlandet
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris2921
Høgaste pris500500
Endring i middelpris frå 20251120
Trøndelag
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris694
Høgaste pris15140
Endring i middelpris frå 2025114
Nord-Noreg
 InnmarksbeiteUtmarksbeite
Lågaste pris00
Middelpris314
Høgaste pris200100
Endring i middelpris frå 2025110

Gjennomsnittsprisen for innmarksbeite er 1 krone per dekar høgare i 2025 enn i 2024. Det er store regionale forskjellar i prisutviklinga. Medan prisen har auka i fleire regionar, har han auka i Vestfold, Telemark og Agder. Dette skuldast delvis endringar i datagrunnlaget.

Gjennomsnittsprisen på utmarksbeite er 4 kroner per dekar høgare i 2025 enn i 2024. Det vanlegaste er at areala vert leigd ut vederlagsfritt, nokon stader mot andre gjenytingar, til dømes gjerdehald. I Rogaland er gjennomsnittsprisen 29 kroner per dekar høgare enn i fjor, men dette har å gjere med korrigerte prisar.

Figuren under viser regionale gjennomsnittsprisar på leige av jord til innmarksbeite frå 2021 til 2026.

Grafisk fremstilling av tabellen i lenken under

Tallgrunnlag og historiske tall