Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
Produksjons- og avløysartilskot er ei fellesnemning for fleire tilskotsordningar som føretak med husdyr- og/eller planteproduksjon kan søkje om, og utgjer ei viktig inntektskjelde for mange føretak.
Kven kan søkje?
Jordbruksføretak som driv med husdyr- og/eller planteproduksjon, kan søkje om produksjons- og avløysartilskot. Føretaket må oppfylle visse vilkår for å ha rett til tilskot. Føretaket må mellom anna vere registrert i Einingsregisteret og drive vanleg jordbruksproduksjon.
Om prosessen:
Kva kan du søkje om tilskot for
Husdyrproduksjon
For husdyrproduksjon får du rekna ut tilskot ut frå opplysningar du registrerer om
- talet på dyr (inkludert økologiske dyr, dyr på beite, dyr av bevaringsverdig rase og avkryssing for å hente talet på slaktegris, kyllingar, gjæser, kalkunar og ender som er leverte til slakteri)
- utgifter til avløysing
- driftssenteret til føretaket ditt
Basert på kva opplysningar du fører opp i søknaden, kan du få eitt eller fleire av desse tilskota:
- tilskot til husdyr
- driftstilskot til mjølkeproduksjon
- driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon
- tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
- tilskot til økologisk husdyrproduksjon
- tilskot for dyr på beite
- tilskot for dyr på utmarksbeite
- tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
- Avløysartilskot
Kvar enkelt tilskotsordning har eigne vilkår. Meir informasjon om korleis du søkjer, definisjonar av dyreslaga og vilkåra for dei ulike tilskotsordningane finn du i søkjerettleiinga og i kommentarar til regelverket.
Planteproduksjon
For planteproduksjon får du rekna ut tilskot ut frå opplysningar du registrerer om
- talet på dekar jordbruksareal der du har produsert vekstar som er definerte i jordbruksavtalen
- talet på kilo råvare (frukt, bær, veksthusgrønsaker) som du har selt i søknadsåret
- talet på kilo økologisk råvare (frukt, bær, grønsaker og urter)
- talet på kilo råvare (matpotet og grønsaker (ekskl. salat) produsert i Nord-Noreg) som du har selt i søknadsåret
Du må i sum ha minst 1 dekar med areal i same vekstgruppe for å kunne få tilskot for arealet i den vekstgruppa.
Basert på kva opplysningar du fører opp i søknaden, kan du få eitt eller fleire av desse tilskota:
- arealtilskot
- kulturlandskapstilskot
- arealtilskot til økologisk landbruk
- Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker
- Distriktstilskot for matpotet og grønsaker dyrka i Nord-Noreg
- Pristilskot for økologisk grøntproduksjon
Kvar enkelt tilskotsordning har eigne vilkår. Meir informasjon om korleis du søkjer, definisjonar av dei ulike vekstane og vilkåra for dei ulike tilskotsordningane finn du i søkjerettleiinga og i kommentarar til regelverket.
Kort om ordninga
- Produksjonstilskot er ei fellesnemning for fleire tilskotsordningar som føretak med husdyr- og/eller planteproduksjon kan søkje på. Tilskot blir som hovudregel målte ut basert på kor mange dyr føretaket ditt disponerer på teljedatoen, og kor mange dekar jordbruksareal føretaket ditt disponerer i vekstsesongen.
- Produksjonstilskot og avløysartilskot skal bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk innanfor dei måla Stortinget har trekt opp. Kvar enkelt tilskotsordning har eigne føremål som du kan lese meir om i kommentarar til forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket
- Føretaket må oppfylle dei vilkåra som gjeld for den produksjonen føretaket søkjer tilskot for. Vilkåra finn du i forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket og i jordbruksavtalen. Sjå også søkjerettleiinga for produksjons- og avløysartilskot for informasjon og rettleiing om korleis ein søkjer. Sjå også kommentarar til forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket for å få meir informasjon om regelverket.
Dette bør du førebu
Før du fyller ut og leverer søknaden, må du ha sett deg inn i regelverket som gjeld for deg og din produksjon. Det er også lurt å lese om kva slags informasjon du skal registrere i søknaden, slik at du kan finne fram informasjonen du treng til utfyllinga, på førehand.
- Føretak som har søkt tidlegare
Du bør undersøkje om det har skjedd endringar i regelverket eller tilskotsordningane du søkjer tilskot for, før du søkjer. Les meir i søkjerettleiinga for produksjons- og avløysartilskot og i kommentarar til forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket.
For å kunne søkje elektronisk må du ha elektronisk ID som du kan bruk til å logge inn via Altinn (anten MinID, BankID, Buypass eller Commfides), og tilgang til å sende inn søknad på vegner av føretaket.
- Ny søkjar
Dersom du søkjer for første gong, tilrår vi at du tek kontakt med kommunen i god tid før søknadsfristen. Dei kan rettleie deg om søknadsprosessen og hjelpe deg med førebuingane.
To ting må vere på plass før du skal søkje for første gong:
- Føretaket ditt må vere registrert i Einingsregisteret (ha organisasjonsnummer) seinast innan søknadsfristen. Dette bør gjerast i god tid før søknadsomgangen startar.
- Du må ha elektronisk ID som kan brukast til å logge inn via Altinn (MinID, BankID, Buypass eller Commfides) og tilgang til å sende inn søknad på vegner av føretaket.
I tillegg er dette viktig:
- Føretaket ditt er registrert med ei undereining (verksemd). Dette kan du søkje opp sjølv på nettsidene til Brønnøysundregistera.
- Alle nye søkjarar bør kontakte kommunen for å få hjelp til å knyte føretaket til ein landbrukseigedom (driftssenter) i Landbruksregisteret.
- Nye mjølkeprodusentar må sørgje for at føretaket (organisasjonsnummeret) som søkjer om produksjonstilskot, er det same føretaket (organisasjonsnummeret) som disponerer mjølkekvota på teljedatoen 1. mars (del 1) og 1. oktober (del 2). Kontakt Landbruksdirektoratet om du er usikker på om kvota er rett registrert på føretaket ditt. Ved brukarskifte i mjølkeproduksjonen rundt teljedatoen 1. mars eller 1. oktober må både ny og gammal brukar melde frå til meieriet i god tid før brukarskiftet skal skje, slik at rett føretak står registrert med kvota på teljedatoen.
- Husdyrprodusentar som driv økologisk, må vere knytte til kontrollordninga til Debio på teljedatoen 1. mars (del 1) og 1. oktober (del 2). I databasen til Debio på nettet kan du søkje opp kva for godkjenningar som er registrerte for føretaket ditt.
- Planteprodusentar som driv økologisk, sørgjer for å vere knytte til kontrollordninga til Debio når vekstsesongen startar. I databasen til Debio på nettet kan du søkje opp kva for godkjenningar som er registrerte for føretaket ditt.
- Søkjarar som har dyr av bevaringsverdig rase må sørgje for at dyra er registrerte i høvesvis Kuregisteret, Sauekontrollen, Ammegeitkontrollen eller er stambokførte og har hestepass på teljedatoen 1. oktober for å kunne søkje om tilskot for dyr av bevaringsverdig husdyrrase (del 2 av søknaden).
- Dersom du skal søkje om tilskot gjennom ei undereining til eit føretak for første gong, må du ta kontakt med kommunen før du skal søkje. Dette gjeld til dømes skular som har organisasjonsnummer som er undereiningar til organisasjonsnummeret til fylkeskommunen.
Sjå også informasjon om oppstart og brukarskifte mellom teljedatoane under trinn 2: Utfylling av søknad.
Søkjeprosessen er todelt.
Husdyrprodusentar skal levere søknad både innan 15. mars (del 1 av søknaden) og innan 15. oktober (del 2 av søknaden). Planteprodusentar skal berre levere søknad innan 15. oktober (del 2 av søknaden).
Du må levere søknaden før midnatt på datoen for søknadsfristen for at han skal bli rekna som levert.
Søknaden kan leverast frå og med teljedatoane 1. mars (del 1) og 1. oktober (del 2).
I tillegg kan enkelte opplysningar etterregistrerast innan 10. januar året etter søknadsåret.
Søknadsskjema
Gå til skjemaet produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn. Det er same innloggingsmetode for del 1 og del 2 av søknaden.
I søknadsskjemaet finn du hjelpetekstar som gjev deg rettleiing om felta du skal fylle ut. Hjelpetekstane finn du ved å klikke på dei blå spørsmålsteikna.
Her finn du søkjerettleiing for produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. I søkjerettleiinga finn du forklaring på korleis du fyller ut søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Rettleiinga går kronologisk gjennom søknaden.
Du kan også søkje på papir, men vi tilrår at du søkjer elektronisk. Det er raskt, sikkert og reduserer risikoen for feil i søknaden. Dersom du søkjer på papir, vil ikkje søknadsopplysningane bli kontrollerte før innlevering. I den elektroniske søknaden finn du også søknadsopplysningane frå den førre søknaden din. Søknad på papir må vere levert hos kommunen eller postlagd på datoen for søknadsfristen for å vere levert i rett tid. Papirsøknaden for del 2 av søknaden i 2025 finn du her: Nynorsk-- Bokmål.
Kva skal du registrere?
Nedanfor følgjer ei oversikt over kva du skal registrere i del 1 av søknaden (søknadsfrist 15. mars) og i del 2 av søknaden (søknadsfrist 15. oktober)
Del 1 av søknaden (søknadsfrist 15. mars)
Det er berre husdyrprodusentar som skal søkje ved del 1. I søknaden skal du opplyse om
- kor mange dyr føretaket disponerte 1. mars i søknadsåret, fordelt på dyreslag
- kor mange livdyr av kylling og kalkun som har blitt selde i søknadsåret
- Dersom du slaktar gris, kylling, kalkun, ender eller gjæser i løpet av søknadsåret, må du krysse av for at Landbruksdirektoratet kan hente opplysningar frå Leveransedatabasen. Dersom du ikkje kryssar av, vil du ikkje få tilskot for dyra som er leverte til slakt.
I tillegg må du svare på spørsmål om driftssenter og driftsfellesskap under fana «Eigenerklæring» og sjekke at opplysningane i fana «Grunnopplysningar» stemmer. Du kan laste opp vedlegg under fana «Vedlegg».
Del 2 av søknaden (søknadsfrist 15. oktober)
Både husdyrprodusentar og planteprodusentar skal søkje ved del 2. I søknaden skal du opplyse om dette:
Planteproduksjon
- eigedommen/-ane føretaket disponerer areal på i den noverande vekstsesongen, og kor stort areal føretaket disponerer på den enkelte eigedommen, fordelt på markslag
- kor mange dekar føretaket har disponert og brukt i planteproduksjonen sin den noverande vekstsesongen, fordelt etter vekstar
- mengda eigenprodusert grovfôr som har blitt seld (gjeld føretak som har selt eigenprodusert grovfôr).
- mengda (kilo/tal) frukt, bær, veksthusgrønsaker (inkl. salat på friland) som er seld i søknadsåret.
- mengda (kilo/tal) matpotet og grønsaker (ekskl. salat) dyrka i Nord-Noreg som er seld i søknadsåret.
- mengda (kilo/tal) økologisk produsert frukt, bær, grønsaker (inkl. urter) og potet som er seld i søknadsåret
I seksjonen «Areal – eigedommar», der du fyller inn kva eigedommar du disponerer, kan du trykka på lenke til Gårdskart frå NIBIO. Du bør kvart år sjekka areala i Gårdskart, slik at søknaden blir riktig. Arealtal blir oppdatert digitalt i kartet og kan bli endra frå år til år.
Husdyrproduksjon
- kor mange dyr føretaket disponerte 1. oktober i søknadsåret, fordelt på dyreslag
- kor mange livdyr av kylling og kalkun som har blitt selde i søknadsåret
- Dersom du slaktar gris, kylling, kalkun, ender eller gjæser i løpet av søknadsåret, må du krysse av for at Landbruksdirektoratet kan hente opplysningar frå Leveransedatabasen. Dersom du ikkje kryssar av, vil du ikkje få tilskot for dyra som er leverte til slakt.
- kor mange dyr som har vore på beite og/eller utmarksbeite
- kor mange dyr av bevaringsverdig husdyrrase føretaket disponerte 1. oktober i søknadsåret (gjeld føretak som disponerer bevaringsverdige husdyrrasar)
- husdyrprodusentar må svare på om dei søkjer om avløysartilskot og i så fall fylle ut kva for utgifter føretaket har hatt til avløysing.
I tillegg må du svare på spørsmål om gjødslingsplan, journal over plantevernmidler som blir brukt, driftssenter og driftsfellesskap under fana «Eigenerklæring» og sjekke at opplysningane i fana «Grunnopplysningar» stemmer. Du kan laste opp vedlegg under fana «Vedlegg».
Ved oppstart, avslutning og brukarskifte mellom teljedatoane
- Dersom du har husdyrproduksjon og startar opp drifta mellom teljedatoane 1. mars og 1. oktober, skal du sende inn søknad ved del 2 av søknaden. Sjå meir informasjon under «Ny søkjar» under punkt 1 - «Før du søkjer».
- Dersom du har husdyrproduksjon og avsluttar drifta mellom teljedatoane 1. mars og 1. oktober, må du hugse å sende inn del 1 av søknaden (frist 15. mars) for å søkje om tilskot for dyr du har disponert, og del 2 av søknaden (frist 15. oktober) for å søkje om avløysartilskot. Hugs at føretaket må vera aktivt i Enhetsregisteret til etter at utbetaling av produksjonstilskot er har skjedd i februar det følgjande året.
- Beitetilskot og brukarskifte i beitesesongen:
- Det er føretaket som har disponert dyra dei påkravde vekene for beitetilskot og utmarksbeitetilskot, som har rett på beitetilskot og utmarksbeitetilskot.
- Ved brukarskifte i beitesesongen der dyra har vore dei påkravde vekene på beite, men verken ny eller gammal brukar åleine har disponert dyra dei påkravde vekene, er det ny brukar som kan søkje beitetilskot for dyra.
- Dersom fleire føretak kvar for seg har disponert dei same dyra dei påkravde vekene for beitetilskot og utmarksbeitetilskot, og begge føretaka dermed oppfyller krava for dei same dyra, er det føretaket som sist disponerte dyra, som har rett på beitetilskot.
- Arealtilskot søkjer ein om i del 2 av søknaden (frist 15. oktober), og det er føretaket som har disponert og drive arealet aktivt i vekstsesongen som kan søkje om tilskot for arealet. Dersom fleire føretak har drive det same arealet aktivt i vekstsesongen, blir tilskotet gjeve til det føretaket som disponerte arealet 1. august.
Sende søknad
Før du sender inn søknaden, er det viktig å lese stopp-/varsel-/informasjonsmeldingar som kan ha kome opp i søknaden for å sjå om det kan vere feil eller manglar ved søknaden. Dersom det har kome stoppmeldingar i søknaden din, må desse rettast opp før søknaden kan sendast inn.
Etter at du har retta eventuelle stoppmeldingar, blir det mogleg å sende inn søknaden ved å trykkje på «Send inn». Søknaden blir då send til kommunen automatisk. Når søknaden er sendt inn vil du motta ei varsling på sms og/eller e-post om at kvittering er sendt til føretakets Altinn-innboks. Det er viktig at du går inn i Altinn og sjekkar at du har fått kvittering for levert søknad om produksjons- og avløysartilskot. Dersom du ikkje får kvittering, tyder det at søknaden ikkje er send inn til kommunen, og at du ikkje får utbetalt tilskot.
Endre opplysningar
Når søknaden er levert, kan du endre opplysningane i søknaden fram til 29. mars (for del 1) og 29. oktober (for del 2). Dette gjer du ved å følgje same metode for innlogging og levering i Altinn som ved levering av søknad.
Etterregistrere opplysningar
Du kan registrere enkelte opplysningar i tidlegare innlevert søknad etter 15. oktober, men innan 10. januar.
Dette gjeld
- avløysarutgifter føretaket har hatt etter 15. oktober
- dyr som er sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober
- livdyr av kylling og kalkun som er selde etter 15. oktober
- frukt, bær, veksthusgrønsaker (inkl. salat på friland) som er omsett etter 15. oktober
- matpoteter og grønsaker (ekskl. salat) dyrka i Nord-Noreg, som er omsette etter 15. oktober
- økologisk frukt, bær, grønsaker (inkl. urter) og potet som er omsett i søknadsåret
- rugeegg som er leverte til rugeri etter 15. oktober
Ved etterregistrering er det viktig å hugse på at det er total mengd / totalt tal på dyr / totale utgifter for heile søknadsåret som skal førast opp i søknaden. For å etterregistrere opplysningar, følgjer du same metode for innlogging og levering i Altinn som ved levering av søknad.
Levere søknad etter søknadsfristen
Du kan levere søknaden i inntil 14 dagar etter søknadsfristen, altå innan 29. mars og 29. oktober, mot eit trekk på 1000 kroner per dag fristen er overskriden.
Søknader som blir leverte seinare enn 14 dagar etter søknadsfristen vil bli avviste.
Mottak
Når søknaden er sendt inn, blir den motteken hos kommunen. Det er landbrukskontoret i kommunen der føretaket ditt har registrert driftssenter som får søknaden. Kommunen kan kontakte deg dersom saksbehandlar har spørsmål til innhaldet i søknaden.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak om tilskot. Søknaden din blir behandla etter at del 1 og del 2 av søknaden er levert. Kommunen ferdigbehandlar og gjer vedtak etter fristen for levering av del 2 av søknaden.
Kontroll
Maskinelle kontrollar
Opplysningane i søknaden vil bli sjekka mot opplysningar i andre register. Dette gjeld til dømes
- om arealopplysningar stemmer med det som er registrert i Landbruksregisteret og Gårdskart.
- om føretaket er oppført med aktiv mjølkekvote på teljedato.
- om opplysningar om bevaringsverdig storfe stemmer med opplysningar frå Kuregisteret ved Norsk genressurssenter.
- om føretak som driv økologisk produksjon er registrert i DEBIOS kontrollordning
Risikobasert kontroll
Søknaden kan bli plukka ut til kontroll etter at del 1 og/eller del 2 av søknaden er levert. Du pliktar å godta kontroll og gi nødvendige opplysningar. Det kan også utførast kontroll i driftsbygningen og på areal der du driv produksjonen din. Du pliktar å hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontroll kan gjere at saksbehandlinga tek lenger tid.
Svar
Svar på søknaden blir sendt til foretakets innboks i Altinn, normalt i februar året etter at søknaden er sendt inn. Når svaret er sendt ut, får du varsel på sms og/eller e-post.
Utbetaling
Får du tilskot, blir pengane automatisk overførte til kontonummeret du har registrert hos Landbruksdirektoratet. I søknaden kan du sjå kva for eit kontonummer som er registrert på deg hos Landbruksdirektoratet. Søknader som blir behandla innan normal tid, får tilskotet ved hovudutbetaling i februar året etter at søknaden er motteken.
Det er viktig at du ikkje slettar føretaket ditt i Einingsregisteret før tilskotet er utbetalt. Dersom føretaket som leverte søknaden om produksjonstilskot og/ eller avløysartilskot, er sletta før utbetaling, blir ikkje tilskotet betalt ut.
Klage
Du kan klage på vedtak om tilskot. Klaga sender du til kommunen din. Det er statsforvaltaren som behandlar klager på vedtak som kommunen har gjort, og Landbruksdirektoratet som behandlar klager på vedtak som statsforvaltaren har gjort.
Klagefrist: Seinast 3 veker etter at du fekk vedtaksbrevet.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom du har fått tilskot som du ikkje skulle hatt, kan tilskotet bli kravd tilbake. Dersom du ser at du har fått utbetalt for mykje tilskot, må du ta kontakt med kommunen og informere om dette. For mykje utbetalt tilskot vil bli kravd tilbake. Dersom du sjølv er skyld i at du har fått utbetalt for mykje tilskot, kan det i tillegg bli kravd forseinkingsrente frå den datoen du fekk tilskotet.
Tilskotet kan også bli redusert (avkorta) dersom føretaket ditt har brote anna regelverk for jordbruksverksemd, manglar / har mangelfull gjødslingsplan eller journal over plantevernmiddel, eller har ført opp ei feil opplysning i søknaden som har eller kunne ha gjeve urettmessig tilskot til eige eller andre sitt føretak. Tilskota som blir gitte for areal som føretaket disponerer (§ 4) skal avkortast dersom det er gjort "inngrep som forringer kulturlandskapet" eller dersom krava til vegetasjonssone mot vassdrag ikkje er oppfylte.
Du kan finne meir informasjon om vilkåra for avkorting i «Kommentarer til forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket» § 11 og § 12.
Viktige datoar
Søknadsfrist, del 1 av søknaden:
15. mars – søknad kan leverast frå 1. mars (teljedato)
Søknadsfrist, del 2 av søknaden:
15. oktober – søknad kan leverast frå 1. oktober (teljedato)
Etterregistreringsfrist:
10. januar – etterregistrering av enkelte opplysningar
Hovudutbetaling av tilskot, søknadsåret 2025
Veke 7, 2026
Rettleiing
Regelverk
Annan informasjon
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.
Treng du hjelp?
Kontakt din kommune
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.