Til hovedinnhold

Søkje om mellombels husdyrkonsesjon (fram til 2025)

Gjeld søknad om løyve til å selje, slakte eller destruere fleire avlspurker enn dei gjeldande konsesjonsgrensene.

Kven kan søkje?

Produsentar som held avlspurker, kan søkje.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje om

Du kan søkje om mellombels konsesjon til å selje, slakte eller destruerte fleire avlspurker enn dei gjeldande konsesjonsgrensene.

Kort om ordninga

  • Konsesjonsgrensene for utrangering av avlspurker gjeld frå 1.1.2020.
  • Produsentane har 5 år på seg på å redusere talet på avlspurker ned til dei nye grensene.
  • Høvet til å få for mellombels husdyrkonsesjon gjeld fram til 2025.
  • Ein eventuell mellombels konsesjon tek utgangspunkt i produksjonen i 2017 eller 2018.
    • Smågrisbesetning og nav i purkering. Den mellombelse konsesjonen er basert på det høgaste talet på utrangerte avlspurker frå 2017 eller 2018.
    • Kombinert-, foredlings- og formeiringsbesetning. Den mellombelse konsesjonen tek utgangspunkt i omsetning av slaktegris (all gris med levande slaktevekt over 34 kg eller levande vekt over 50 kg) i 2017 eller 2018. Basert på dette talet blir det rekna ut kor mange avlspurker produsenten kan utrangere gjennom året.

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved vedlegg. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Bruk skjemaet Søknad om mellombels konsesjon etter husdyrforskrifta § 9 for å søkje.     

Søknadsfrist: i god tid før du overstig konsesjonsgrensa.   

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • besetningstype
  • eventuelt gjeldande konsesjon
  • opplysningar om slakt, sal og destruerte avlspurker i 2017 og 2018
  • opplysningar om slakta eller omsette griser (for kombinert-, foredlings- og formeiringsbesetningar) i 2017 og 2018

I tillegg skal du leggje ved vedlegg:

  • salsbilag og kundereskontro for selde avlspurker
  • dokumentasjon for utrangerte avlspurker
  • salsbilag og kundereskontro for talet på selde gris over 50 kilo levande vekt
  • melding om status som foredlings- eller formeiringsbesetning, dersom du ikkje har sendt dette tidlegare

For deg som ikkje har meldt status på foredlings- eller formeiringsbesetning

Produsentar som driv foredlings- eller formeiringsbesetningar må melde frå om status, for å kunne utrangere fleire avlspurker enn andre produsentar. Dersom du ikkje tidlegare har meldt status, må du sende med dette saman med søknaden. Bruk skjemaet Melding om status som foredlings- eller formeiringsbesetning.

Sende søknad

Send søknaden med vedlegg til kommunen på e-post eller i vanleg post.

Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune. 

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Om dei har behov for meir informasjon, kan dei be om det.

Behandling

Kommunen lagar ei innstilling og sender søknaden vidare til statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar saka og gjer vedtak.

Kontroll

Alle som produserer svin eller fjørfe, kan bli tekne ut i kontroll, uavhengig av om dei har søkt om mellombels konsesjon eller ikkje. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar

Svar

Du får svar på søknaden i e-post eller som brev i posten.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.     

Klagefrist: 3 veker.

Erstatningskrav dersom du produserer for mykje

Ved produksjon over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon, må du betale erstatning for det talet på dyr som er produserte ulovleg. Det er likevel mogleg å overstige den konsesjonsfrie grensa, eller den innvilga konsesjonen med inntil 15 prosent eitt år, mot tilsvarande reduksjon i produksjon det påfølgjande året. Dette gjeld frå det året produksjonen går over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon. Dersom du leverer meir enn 15 prosent over grensa eitt år, må du betale erstatning for den prosentdelen som overstig 15 prosent.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

I god tid før du overstig konsesjonsgrensa.

Treng du hjelp?

Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Finn din statsforvaltar

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk