Søkje om unntak frå husdyrkonsesjonsplikt
Gjeld søknad om unntak frå husdyrkonsesjonsplikt ved svine- eller fjørfeproduksjon, ved overtaking av eigedom ved odelsrett eller ved inngåing av giftarmål eller sambuarskap.
Kven kan søkje?
Personar som tek over ein konsesjonsregulert eigedom med svine- eller fjørfeproduksjon ved odelsrett, og som sjølv driv tilsvarande produksjon på ein annan eigedom, kan søkje. Personar som driv svine- eller fjørfeproduksjon og inngår sambuarskap eller giftarmål med ein som driv med tilsvarande produksjon, kan søkje.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje om
Du kan søkje om å
- vidareføre svine- eller fjørfeproduksjon på ein eigedom du tek over ved odelsrett, når du har etablert tilsvarande produksjon på ein annan eigedom frå før
- vidareføre drift av svine- eller fjørfeproduksjon på begge eigedommane, ved giftarmål eller sambuarskap når begge driv med dette
Kort om ordninga
- Når nokon tek over ein eigedom dei har odelsrett til, og sjølve har etablert produksjon på ein annan eigedom frå før, er det ein føresetnad at produksjonen på den andre eigedommen har vore driven i minst ti år for at ein slik søknad kan innvilgast. Du kan søkje om dispensasjon frå tiårskravet, men dispensasjonstilgangen er svært avgrensa.
- Produksjonen på dei respektive eigedommane må ha vore driven i minst tre år før inngått giftarmål eller sambuarskap, for at ein slik søknad kan bli innvilga.
Utfylling av søknad
Skjema
Det finst ikkje eit eige skjema for å søkje unntak frå konsesjonsplikt. For å søkje må du skrive eit søknadsbrev i fritekst.
Søknadsfrist: kontinuerleg.
Søknadsbrevet ska innehalde
- kven som søkjer
- gards- og bruksnummer
- kva du søkjer om
- grunngjeving for søknaden
Sende søknad
Send søknaden med eventuelle vedlegg til kommunen.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Kommunen skriv deretter ei innstilling og sender søknaden over til statsforvaltaren. Det er statsforvaltaren som behandlar søknaden. Ved behov kan forvaltninga be om meir informasjon.
Behandling
Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak. Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune.
Kontroll
Alle som produserer svin eller fjørfe, kan bli tekne ut i kontroll, uavhengig av om dei har søkt om unntak frå konsesjonsplikta eller ikkje. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Erstatningskrav dersom du produserer for mykje
Ved produksjon over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon, må du betale erstatning for det talet på dyr som er produserte ulovleg. Det er likevel mogleg å overstige den konsesjonsfrie grensa, eller den innvilga konsesjonen med inntil 15 prosent eitt år, mot tilsvarande reduksjon i produksjon det påfølgjande året. Dette gjeld frå det året produksjonen går over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon. Dersom du produserer meir enn 15 prosent over grensa eitt år, må du betale erstatning for den prosentdelen som overstig 15 prosent.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
kontinuerleg
Treng du hjelp?
Kontakt Statsforvaltaren i ditt fylke
Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettigheter.
Finn din Statsforvaltar