Til hovedinnhold

Rundskriv 25/1-22

Pristilskot for korn og kraftfôr

Frakttilskot korn

Fagansvarlig

Hege Heiberg og Mari Vengnes

Formål

Formålet med frakttilskot er å «jamne ut prisane til produsent og forbrukar.» Ordninga er basera på at produsentane må dekkje ein eigenandel av kostnadene (Prop. 1 S (2024-2025) frå Landbruks- og matdepartementet)

Vilkår, definisjonar og soner

Overskotsområdet for korn er definert som:

  • Akershus
  • Buskerud
  • Østfold
  • Oslo
  • Vestfold
  • Telemark
  • Innlandet

Underskotsområdet for korn er definert som:

  • Agder
  • Rogaland
  • Vestland
  • Møre og Romsdal
  • Trøndelag
  • Nordland
  • Troms
  • Finnmark

Med produksjonsanlegg meinast anlegg som tilverkar matmjøl eller kraftfôr til husdyrproduksjon.

Vilkår følgjer av pristilskuddsforskriften § 7 og jordbruksavtala 2025-2026:

Tilskot til frakt av korn frå overskotsområdet til produksjonsanlegg i resten av landet

Tilskot vert gjeve til frakt av korn til kraftfôr og matmjøl produsert på, og frakta frå overskotsområdet til produksjonsanlegg på følgande stader:

  • Stavanger og Tau
  • Vaksdal
  • Vestnes
  • Trondheim
  • Steinkjer

Tilskudd til frakt av fôrkorn fra utlandet

Det vert gjeve tilskot til direkte frakt av importerte karbohydratråvarer til kraftfôr til følgande stader:

  • Vaksdal
  • Vestnes
  • Buvika/Trondheim
  • Steinkjer

Det er et vilkår at vara er tolldeklarera til husdyrfôr. Det er berre direkte frakt frå utlandet til produksjonsanlegg i underskotsområdet for produksjon av kraftfôr som kvalifiserar for tilskot, jf. Jordbruksavtalen 2025-2026.

Vareomfang som kvalifiserar  for tilskot går fram av forskrift om administrative tollnedsettingar for landbruksvarer 22 og vedlegg 7 produktgruppe fôrkorn og andre råvarer til kraftfôr, med unntak av tollvarenummra 23.02.3000 og 23.02.4090.

Tilskot til frakt av økologisk korn frå kornprodusent til mottaksanlegg

Tilskot vert gjeve til frakt av økologisk korn frå kornprodusent til nærmaste mottaksanlegg som kan ta imot den aktuelle arten. Tilskotet vert gjeve med soneberekning. Sonene tilsvarar kor mange kilometer mottaksanlegget befinn seg frå administrasjonssentrum i produsentens kommune.

Søknadsfrist, utsetting av søknadsfrist og eventuell dispensasjon frå søknadsfrist

Kornkjøpar kan søkje Landbruksdirektoratet månadleg om tilskot innan den 15. i påfølgande månad. Søknaden må innehalde dokumentasjon på dei fraktene det søkast om tilskot for.

Endeleg søknadsfrist for å få utbetalt frakttilskot til korn for førre kalenderår, er 15. februar året etter lastinga av kornet det søkast tilskot for, jf. fristforskriften § 8.. Den endelege søknadsfristen for å få utbetalt frakttilskot til økologisk korn for førre kalenderår, er 15. februar året etter frakta av kornet det søkast tilskot for (fristforskriften § 9). Dette medfører at søknadsfristen for å få utbetalt tilskot for 2025 er 15. februar 2026.

Fant du det du lette etter?