Innleiing
Dette rundskrivet gjev ein oversikt over
- prisnedskrivningstilskot korn
- matkorntilskot
- frakttilskot korn
- frakttilskot kraftfôr
Ordningane over er heimla i:
- Lov om jord (jordlova). Landbruks- og matdepartementet er i § 18 gjeve heimel til å fastsetje «føresegner om fordeling og vilkår for utbetaling og formidling av tilskot etter jordbruksavtalen eller liknande tilskot, herunder atterhald og avkorting av tilskot, utestenging frå ei ordning, og rente ved krav om tilbakebetaling»)
- forskrift av 19. desember 2008 nr. 1490 om pristilskudd i landbrukssektoren
- forskrift av 19. desember 2008 nr. 1491 om formidling av pristilskudd til landbrukssektoren
- Jordbruksavtale 2025-2026 (Prop. 149 S (2024-2025)).
- Prop. 1 S (2024-2025) fra Landbruks- og matdepartementet
- Brev frå Landbruks- og matdepartementet om fastsettelse av forskrift om endring i forskrift av 8. juli 2004 om prisnedskrivingstilskudd, matkorntilskudd og prisutjevningsbeløp på kraftfôr under markedsordningen for korn, datert 13. desember 2007.
Landbruksdirektoratet fastset krav til søknad om tilskudd, rapportering og utbetaling (jf. pristilskuddforskriften § 9, jf. § 14).
Vi syner vidare til:
- Forskrift av 7. desember 2016 nr. 1458 om søknads- og rapporteringsfrister for pristilskudd og formidling av pristilskudd i landbrukssektoren (fristforskriften)
- Gjeldande forskrift for frakt av kraftfôr
Produsentar og omsetningsledd som er tilknytt tilskotssordningane omtalt i dette rundskrivet, plikter å drive sin produksjon, foredling og transport i samsvar med regelverk for jordbruksverksemd og handtering av jordbruksvarer. Omsetningsledd må i tillegg inneha dei løyver som er naudsynte innanfor den type verksemd som føretaket driv (jf. pristilskuddforskriften § 2). Alle omsetningsledd som handterer jordbruksprodukt må etterkome Mattilsynets og andre etatar sine krav til verksemda.