Til hovedinnhold

Rundskriv 25/1-22

Pristilskot for korn og kraftfôr

Prisnedskrivningstilskot til norsk korn

Fagansvarleg

Mari Vengnes og Hege Heiberg

Formål

Gjennom prisnedskrivingstilskot, regulerast prisane på råvarer til matmjøl- og kraftfôrindustri. For å fremme avsetninga av økologisk vare, blir det der gitt høgare satsar til økologisk produksjon.

Vilkår for tilskot

Prisnedskrivningstilskot kan gjevast til føretak («kornkjøpar», som kjøpar norskprodusert korn, oljefrø, lupinar, bønner eller fôrerter (heretter: «korn» eller «kornet») frå produsent for vidaresal eller som nyttar det sjølve i kommersiell matmjøl- eller kraftfôrindustri (jf. pristilskuddforskriften § 7 fyrste ledd).

Det blir berre gjeve tilskot ved førstehandsomsetnad av kornet. Mottakar av tilskotet er ansvarleg for at kornet vert nytta i samsvar med vilkåra. Dette gjeld også når kornet vert seld vidare.

Det blir berre gjeve tilskot ved kjøp frå føretak med føretaksnummer i Brønnøysundregistera.

For kornkjøparar som produserar kraftfôr er det krav (brev fra LMD datert 13. des 2007) om at:

  • kraftfôret må bli tilbydd i markedet på vanlege salsvilkår
  • ein vesentleg del av kraftfôret (minimum 50 prosent) vert seld til føretak som selgar verken har eigarinteresser i eller driftssamarbeid med, altså ikkje sal som ber preg av internomsetning.
     

Det vert ikkje gjeve tilskot til (lista er ikkje uttømmande):

  • korn som er ueigna til framstilling av mat eller fôr
  • importert korn
  • korn som vert nytta til framstilling av fiskefôr (jf. pristilskuddforskriften § 7 fyrste ledd)
  • korn som eksporterast (jf. pristilskuddforskriften § 7 fyrste ledd)
  • korn som skal anvendast til såkorn eller heimemaling, jf. krav om vidaresal eller bruk i kommersiell industri
  • Det vert ikkje gjeve tilskot til korn produsert i utlandet av primærprodusent registrera i Noreg.
    • Til dømes: Når kornkjøpar kjøpar korn frå kornprodusentar som produserar både i Noreg og Sverige, må kornkjøpar sjå til at han berre rapporterar inn kornet som er produsert i Noreg til Landbruksdirektoratet.

Søknad, rapportering og utbetaling

Innrapportering av «korndata» dannar grunnlaget for berekning av prisnedskrivingstilskot. Frå og med kornåret 2025/26 er det ei ny teknisk løysing for innrapporteringa. NB! For innrappporteringar for kornåret 2024/25, med frist for rapportering 30. september 2025, skal gamal løysning nyttast.

Som tidlegare, er det ei filbasert løysning, men det er nokre endringar i korleis fila skal settast opp, samt i  kontrollane som vert gjort ved mottak av fila. Detaljert informasjon om den nye løysinga finn du her, men her er nokre hovudpunkt:

Nye koder for kornartar:

Det er nye kodar for nokre kornartar. Som tidlegare er (1) kveite, (2) rug, (3) bygg, (4) havre, (5) rugkveite og (6) fôrerter. Kode (7) til og med (9) går ut av bruk. Nye kodar er:

  • 11 – oljefrø
  • 12 – bønner
  • 13 – lupinar

Innrapporteringa kan skje på to måtar:

  • API: For automatisk innsending av filer.
  • Manuell opplasting via rapporteringstjenesta i Altinn.

Her finn du ytterlegare informasjon under «Rapportere korndata».

Utbetaling

Landbruksdirektoratet utbetaler tilskotet til kornkjøparane kvar veke i sesongen, og noko sjeldnare resten av året. Før utbetaling vert omsetningsavgift og forskningsavgift trekt frå tilskotet (jf. Pristilskuddsforskriftens § 9 andre ledd). Oversikt over grunnlaget for tilskotet og avgiftene, samt utbetalt beløp går ligg frå og med 2025/2026 utbetalingar i Altinn-løysinga. .

Frist for innlevering av grunnlag for å få tilskot og frist for plikt til å betale avgifter for kornåret 2024-2025 er 30. september 2025 (jf. fristforskriftens § 6).

Kvalitetsanalyser

Grunnlaget for berekning er kvantum (kg) omrekna til basis vatninnhald (korn og erter 15 prosent, oljefrø 8 prosent).

Det må utføras kvalitetsanalysar av kornet. Kvalitetsanalysane må tilfredsstilla dei krav til analysesikkerheit som Landbruksdirektoratet fastset. Dette er spesifisert i «Retningslinje om krav til analysesikkerhet ved kvalitetsanalyser av korn som omsettes gjennom markedsordningen, sist oppdatert 30. juni 2025»

Med mindre Landbruksdirektoratet etter ei vurdering tilet noko anna, skal prøva takast ut med ein automatisk prøvetakar og minskas ned med ein tilknytta nedminskar.

Fant du det du lette etter?