Frakttilskot kraftfôr
Fagansvarleg
Hege Heiberg og Jannicke Jensen Myhre
Formål
Formålet med frakttilskot er å «jamne ut prisane til produsent og forbrukar.» Ordninga er basera på at produsentane må dekkje ein eigenandel av kostnadene (Prop. 1 S (2024-2025) frå Landbruks- og matdepartementet)
Vilkår og definisjonar
Kraftfôr definerast som et formalingsprodukt til husdyrfôr som kan innehalde ein eller fleire råvarer
Det kan utbetalast tilskot til husdyrprodusent for transport av kraftfôr. Tilskotet formidlast gjennom kraftfôrforhandlar ved at tilskotet trekkast frå på faktura for kjøp av kraftfôr.
Det vert ikkje gjeve tilskot til frakt av kraftfôr fra underskotsområdet til overskotsmrådet, etter same definisjonane som for frakt av korn.
Landbruksdirektoratet fastsett tilskotssatser per kg transportert kraftfôr per kommune og per dyreslag. Satsane bereknast på basis av kostnadane ved transport frå definerte basisanlegg for kraftfôrproduksjon, samt basishamner, til kommunesenter. Landbruksdirektoratet fastsett kva for stader som skal definerast som basissteder og basishamner.
Per 1. juli 2025 er Kambo, Flisa, Stange, Stavanger, Fiskå, Vaksdal, Vestnes, Trondheim, Steinkjer, Karlshus i Råde, Moelv, Andebu, Ørje og Namdal Kornsilo basisanlegg. Steigen, Harstad, Smalfjord og Bergneset er basishamner.
Satsane vert berekna på bakgrunn av rimelegaste transportkostnad, på heilårsveg, mellom alle landets kommunesenter og nærmaste kraftfôrproduksjonsanlegg. Ulike satser mellom dyreslag er fastsett på bakgrunn av registrert mengde bestilt kraftfôr.
Gjeldande satsar er fastsett i forskrift av 16. desember 2024 nr. 3178 om satser for frakttilskudd til transport av kraftfôr. Det vert berekna nye satsar for frakt av kraftfôr med verknad frå 1. januar 2026 som følge av at ordninga blei styrka med 2,0 mill. kroner i årets jordbruksoppgjer.
Søknad, rapportering og utbetaling
Søknad om frakttilskot for kraftfôr sendast av kraftfôrforhandlar månadleg ved elektronisk innrapportering gjennom Altinn. For kvart kvartal er frist for innrapportering den 15. i påfølgande månad, dvs. 15. april, 15. juli, 15. oktober og 15. januar (fristforskriften § 10). Vi ber eventuelle nye søkarar om å ta direkte kontakt med Landbruksdirektoratet for hjelp og rettleiing om innrapportering.
Tilskot til frakt av kraftfôr til rein innrapporterast på eigen kode, men det nyttast satsar som for drøvtyggarfôr.
Tilskot til frakt av kraftfôr utbetalast månadleg, og tilskotet skal vidaresendast til den einskilde husdyrprodusent. Kvantum som grunnlag for berekning av tilskot, fôrslag, tilskotssats og samla beløp skal gå fram av fakturaen.